Nettbasert rekneskapsprogram


ADCOM Førde – lokal kompetanse innan ERP – Lønn – IT

Forde-topp

Kutt kostnader – gje oss ansvar for rekneskap – hos oss kan du velje det som høver for deg

Automatisering av arbeidsmetodar innan rekneskap, løn og fakturering skjer i raskt tempo. Her ligg det store gevinstar for alle verksemder, det viktige er at gjennomføringsevna er på plass. ADCOM Førde har ei rad kundar som gjennomfører stadige nye tiltak innan automatisering. Denne erfaringa gir oss nyttig kunnskap om tilpassingar som vi brukar på område som kan gje store innsparingar for deg.

Tradisjonelt rekneskapsbyrå har vore drive hos oss heilt sidan 1974. Vi har såleis lang erfaring innan faget og har i dag ca 70 klientar i variert størrelse. Som Visma Partner er vi også leverandør av løysingar for rekneskapsverksemder med meir enn 800 klientar i Sogn og Fjordane.

Viktigast for alle prosessar som skal gje innsparing er at gjennomføringa skjer systematisk og effektivt. Vår erfaringar frå mange forskjellige verksemder får du difor stor nytte av.

Finn ei løysing som passar for deg

Velg eit moderne rekneskapssystem der du alltid har tilgang til dine bedriftsdata, uansett kvar du befinn deg. Slik får du fullstending kontroll over rekneskapet. Du kan sjølv velje om du skal arbeide på PC, Mac, nettbrett eller smarttelefon. Systemet er optimalisert for å fungerer på alle typar enheter.

devices_erp_net

Visma eAccounting – rekneskap i skya – nettbasert for mindre verksemder

  • Enkelt å bruke
  • Enkelt å lære
  • Gir full oversikt

Kan brukast som totalløysing og du kan nytte våre byråmedarbeidarar ved behov.

Visma.net Finans og Logistikk – komplett løysing med høg fleksibilitet – økonomiløysing på nett

  • Moderne og effektivt
  • Brukarvennleg og fleksibelt
  • Alltid tilgjengeleg

Våre konsulentar lagar tilpassingar og styrer implementering/gjennomføring av ny løysing

Gjennomføring – vidareutvikling

Alle verksemder er i utvikling og dei fleste treng samarbeidspartar som kan levere tilpassing, oppdatering og fornying. ADCOM Førde har som lokal leverandør i Sogn og Fjordane, ein solid erfaringskompetanse og god breidde frå mange bransjar.

Alle program vert levert basert på leigepris pr månad.

Vi leverer dessutan fast månadspris for

  • lokal support og opplæring
  • Controller-oppgåver
  • rådgjevingstenester
  • prosjektstyring
  • statusmøter

Våre månadsavtaler er fleksible og kan tilpassast omfang og framdrift