Adcom Fjord-Data – Økonomi, lønn og IT
Adcom Fjord-Data held til i Førde og er lokal leverandør av tenester innan IT, rekneskap og lønn. Verksemda vår er basert på moderne byråløysing med fleksibel arbeidsdeling mellom deg som kunde og oss. Dine behov er utgangspunktet og vi tilpassar dette til det som gir best resultat for deg og di bedrift.
Våre autoriserte rekneskapsførere på kontoret vårt i Førde er klare til å bistå deg med sin fagkunnskap. Dette saman med våre konsulentar innan IT gir deg ei tilpassa og effektiv løysing som vert nytta av meir enn 200 verksemder i Sogn og Fjordane i dag.
Vi tilbyr også eit breidt spekter av løysingar innan maskin-, programvare, sikkerheit og drift, med mellom anna Microsoft 365 (Office og administrasjon av brukarar og utstyr) som eit sentralt produkt.
Vil du jobbe med oss?
Visma – størst innan økonomiprogramvare
Som sertifisert partner for Visma kan vi levere komplett tilpassing av løysingar innan økonomi og lønn. Innan effektivisering av administrative rutiner har vi lang og variert erfaring, og vårt tette samarbeid med Visma gir deg programvare som kan tilpassast dei fleste behov.
Vår lokale kundeoppfølging gir store fordelar
Vi har ei solid og robust supportteneste innan økonomi, lønn og IT. Våre kundar får opplæring lokalt, tilpassing, installasjon, rådgjeving og drift samt regelmessige statusmøter for vidareutvikling av løysinga. Mellom våre kundar finn du alle variantar av små, mellomstore og store bedriftene i fylket. Våre referansar er lett tilgjengeleg og bistår gjerne med ytterlegare informasjon
Har du lyst til å vite meir om oss – ta kontakt for ein uforpliktande prat om korleis vi kan jobbe saman.
Fra bloggen
ERP og Lønn
Relaterte innlegg
FØLG OSS!
KONTAKT OSS!
Adcom Førde: 57 72 35 00
Adcom Kristiansund: 71 67 84 90
Adcom Molde: 71 25 06 40
Adcom Volda: 70 05 51 50
Adcom Jevnaker: 913 73 320