# FRAMTIDAS REKNESKAPSMEDARBEIDARAR
Kundane våre tenker meir og meir på løysingar som er effektive og enkl eå ta i bruk og å bruke. Vi treng difor nye medarbeidarar til spennandeutfordringar innan ERP og lønsfaget.
Adcom er lokal Visma Partner i fylket og leverer ERP-løysingar for verksemder i alle storleikar. Våre medarbeidarar vert involvert i alle fasar frå oppstart, gjennomføring og vidareutvikling gjennom digitalisering og effektivisering.
Hos oss vil du møte kollegaer og kundar som gir deg utfordringar med gode høve til vekst og vidareutvikling. I vårt arbeid med meir enn 200 bedriftskundar, har vi stor breidde på arbeidsfeltet innan økonomi, løn/personal og IT. Vi har lang erfaring i kunderelasjonar og er bevisst på å bygge lojalitet og høg tillit.
I vårt rekneskapsbyrå møter du:
Nye system innan ERP- og lønsfaget
God høve til byråfagleg utvikling
Praktiske og konsulentretta oppgåver innan økonomiløysingar og rådgjeving
Ny teknologi som gir store vinstar for våre kundar
Vi søker medarbeidarar med:
Høgskuleutdanning innan økonomi/eventuelt også med erfaring
Konstruktiv og gode evne til å tenke nytt
Offensiv og positiv haldning til nye arbeidsmåtar
Vi tilbyr:
Gode lønsvilkår og fleksibel arbeidsavtale
Solid tilbod om opplæring og fagleg utvikling
Vi ser fram til å høyre frå deg og ber om søknad innan 23.april til ara@adcom.no
Meir informasjon får du hos Arnljot Ramstad på mobil: 917 67 220