Vil du jobbe med økonomi i Førde?

19. nov, 2018Blogg, Økonomi

Adcom Fjord Data er ein lokal Visma Partner med stor breidde i våre løysingar for eksisterande og nye kundar.

Våre kundar er ca 250 bedrifter i Sogn og Fjordane som i dag nyttar Visma-løysingar. Vår rolle som leverandør innan økonomi strekker seg frå:

 Praktiske oppgåver innan rekneskap og lønn i rekneskapsbyrået vårt

til

Rådgjeving og oppfølging saman med digitalisering og effektivisering av administrative oppgåver i verksemdene.

Vi søker etter medarbeidarar med

Høgskuleutdanning innan økonomi/IT

Gjerne også med erfaring frå desse felta, ikkje eit krav

Lyst til å vidareutvikle seg innan bruk av ny teknologi

Offensive haldningar til å skape gode kunderelasjonar

Vi tilbyr

Gode lønsvilkår og tilpassa arbeidsavtale

Vårt gode leverandørsamarbeid gir gode høve til fagleg vidareutvikling

Tilpassa arbeidsoppgåver ift kunnskap og erfaring

Arbeidsmiljø med høg kompetanse og god relasjonsbygging

Hos oss vil du møte kollegaer og kundar som gir deg gode høve til vekst og vidareutvikling. Vi har lang erfaring i kunderelasjonar og er bevisst på å bygge lojalitet og høg tillit.

Vi tar gjerne ein prat om korleis vi tenker å tilpasse arbeidsområde til din bakgrunn.

Arnljot er dagleg leiar i Adcom Fjord Data og har eit sterkt engasjement for å gje kundane sine tid, god service og rette løysingar. Som dagleg leiar er han aktiv og medverkande, og legg til rette for at dei tilsette skal få utvikle seg og gjere ein best mogeleg jobb.

Ta gjerne kontakt med han på: 917 67 220 eller ara@adcom.no

Likte du det du leste? Fyll ut skjemaet under da vel, så går du ikke glipp av neste innlegg!

Relaterte innlegg

To ledige stillinger i Kristiansund

To ledige stillinger i Kristiansund

I Kristiansund har vi plass til to til på laget. Er du prosjektleder med interesse for IT, eller vil du jobbe med kunder, systemer og økonomi? I Adcom Kristiansund kan du være en viktig ressurs for å ivareta våre kunders behov og bidra til at våre kunder får en så enkel hverdag som mulig. Bli med på laget da vel?

les mer
HR-løsning integrert mot Payroll/Employee

HR-løsning integrert mot Payroll/Employee

Visma Software styrker tilbudet innen HRM med Meet Dottie.
Visma Software og Amesto går sammen om utviklingen av Meet Dottie, en SaaS-løsning for HRM i små og mellomstore bedrifter. Ambisjonen er å bygge en ledende nordisk aktør.

les mer
Share This