Skulesuksess med Google i Ørsta

17. sep, 2016Blogg, Fornøyde kunder

Dei siste åra har skulemarknaden blitt eit særs viktig satsingsområde for globale IT-selskap. Hittil har Apple og Microsoft vore først og størst på marknaden, men no er Google i ferd med å få eit forsprang. I Ørsta kommune har ein satsa på Google-løysingar sidan 2011, og erfaringane er svært gode. Adcom Søre Sunnmøre har vore med som utstyrsleverandør sidan 2015.

For innbyggjarane på Søre Sunnmøre ligg det i blodet å vere offensive og villig til å satse. Det bør derfor ikkje kome overraskande at det er nettopp her ein finn skular som ligg i tet når det gjelder bruk av nye IT-verktøy for undervisning.

 

Dynamikk og interaktivitet

Det starta med at vi i 2011 bestemte oss for å ta i bruk Google sine skuleløysingar Google Apps for Education på alle skular og barnehagar.
Barnehagane var fyrst ute med å ta i bruk Chromebook i 2012, og i 2015 følgde skulane etter. No er vi i ei innføringsfase då vi byttar ut

Windows pc-ar med Chromebook, og fjernar lokale serverar. Ein av fordelane er at skulane får frigitt datarom til klasserom. Vi har også satsa på Google Apps for Work til alle politikarar. Dei har fått kvar sin Chromebook, og kan notere og samarbeide med partikollegaer i møtedokumenta, seier IKT-leiar Bjørn Heggen. 
 
– Vi såg raskt at dette er programvare og produkt som kan nyttast på ein ny og langt meir dynamisk og interaktiv måte. Elevane kan eksempelvis samarbeide samtidig i dokument – noko som sjølvsagt er spesielt nyttig ved gruppearbeid, ein har uavgrensa med lagringsplass, og IT-avdelinga kan legge ut nye program, og sette reglar på alle maskiner, med eit par museklikk. Vidare erfarer

vi at løysingane engasjerer. Dei harmonerer godt med korleis dagens elevar er vane til å bruke teknologien på fritida, og det er ei viktig side ved saka. For å forstå valet av IT-plattform meiner vi nøkkelen er nettopp dette – å sjå kva som er eleven sin faktiske teknologi-kvardag. Verktøyet må samtidig vere spesialtilpassa for skulebruk, og ikkje kvasi-løysingar eller oppsett som til dømes passar betre på rådhuset i kommunen. Ein må huske at skule er noko anna enn både privatbruk og kontorlandskap, seier IT-konsulent Sverre Osdal.
 
Lærarane treng eit IT-system som dei kan stole på alltid fungerer, og som alle enkelt kan handtere. Skulane treng både maskin- og programvare som gjer det dei ønskjer, og som er enkle å bruke, robuste og ikkje krev vedlikehald. Med andre ord; Ei framtidsretta og kostnadseffektiv løysing, avsluttar Heggen. 

Skreddersydd for skulebruk

I alt er det over 1000 Google Apps-brukarar og 600 Chromebook-/Chromebox- einingar i bruk i Ørsta kommune. Elles i landet er løysingane
i bruk i blant anna Trondheim, Narvik, Larvik, Odda, Hordaland fylkeskommune, Drammen, Randaberg, Sola, Gjesdal, Stavanger, Lillesand og hos Høgskulen i Volda ved Seksjon for Medie- og Kommunikasjonsteknologi. 
 
Utdanningssystemet til Google er i hovudsak ein integrasjon av eksisterande tenester, med skreddarsaum til skular sine behov. Ein kvar skule kan registrere seg og få gratis tilgong til epost med Gmail, datalagring og deling med Google Disk, publikasjon av nettsider med Google Nettsteder og verktøy for tekstbehandling, rekneark og presentasjonar med Google Dokumenter, Presentasjon og Rekneark. Google Kalendar kan delast og annonserast til ei gruppe personar, YouTube kan brukast for deling av videoar og elevsamarbeid og Google Hangout nyttar ein til chat og videokonferansar. Google Classroom vert brukt mellom lærar og elev, og her kan læraren distribuere oppgåver, sende tilbakemeldingar og sjå alt på ein stad. Raskt, papirlaust og enkelt. Alle tenestene kan brukast på både mobiltelefonar, nettbrett, berbare og stasjonære pc-ar
 
I løpet av juni i år vert Google Play tilgjengeleg på Chrome OS, noko som gjer at vi kan publisere alle Android appar også på Chromebook. Vi er glade vi valde Chromebooks med touch-skjerm, då mange av dei pedagogiske appane fungere best med touch, seier Sverre Osdal.
 
Sidan hausten 2015 har Adcom Søre Sunnmøre levert fleire hundre Chromebooks til Ørsta kommune, og no har også andre kommunar meldt si interesse. Kundeansvarleg Roar Vikene fortel at han har lært mykje om Google Education-konseptet, og ser at det byr på svært mange fordelar både for elevar og lærarar.
 
– For eksempel vert alle endringar automatisk lagra med ein gong, ein slepp å tenke på backup. Klargjering av ei ny maskin tek berre 5 minutt, og oppsett og innhald er felles for alle skular. Ein treng heller ikkje å bekymre seg for virus. Det seier seg sjølv at desse fordelane er av stor verdi i skulekvardagen. Samtidig er det også klart at denne måten å arbeide på stiller nye krav til både skuleleiing og lærarar. IT-løysingar er verktøy som utfordrar, men også utviklar skulen, seier Vikene. – Vi kjem i samarbeid med kommunane til å satse vidare på Google-prosjekt i skulen, og satsar på å få til ei fagsamling om temaet til hausten, avsluttar Vikene. – Dette er utan tvil løysingar for framtida.

TEKST / Marie Gjære Gundersen & Roar Vikene 
FOTO / Ørsta Kommune & Roar Vikene

La oss ta en prat om hvordan du kan spare tid

Stein Andre er it-konsulent i Molde og har jobbet med Microsoft i 10 år. Han er en kløpper i Office 365 sine løsninger, og har alltid et smil på lur.

Relaterte innlegg

Vi tar pulsen på din IT-helse

Vi tar pulsen på din IT-helse

En dårlig IT-helse kan i verste fall gjøre det umulig for deg og dine kollegaer å jobbe. Når tok du sist pulsen på arbeidsdagen din? Vi går hardt ut, og sier at IT-helsa på jobb er like viktig som din egen helse. Vi kartlegger din IT-helse og gir deg verdifulle råd til hvordan du kan senke pulsen i din bedrift.

les mer
Innspilling av webinaret om sikkerhetspolicy

Innspilling av webinaret om sikkerhetspolicy

En sikkerhetspolicy er bedriftens kjøreregler i all databehandling, om hvor data lagres, backuprutiner, hvordan man håndterer sikkerhetsbrist, passordregler, etc. Vi gir dere veiledning på hvordan man lager en skuddsikker sikkerhetspolicy for deres bedrift.

les mer
Innspilling av webinaret om backup

Innspilling av webinaret om backup

Hvilke kilder er det til datatap, og hvordan tar man høyde for det? Den beste måten å sikre seg mot datatap og driftsstans er god backupløsninger. Vi tar dere gjennom både lokal- og skybackup, og stiller noen viktige spørsmål til hvor data bør lagres og hvordan den bør sikkerhetskopieres.

les mer
Share This