Moderne rekneskapsbyrå

17. sep, 2016Blogg, ERP, Økonomisystem

Eit moderne rekneskapsbyrå tek i bruk ny teknologi for å dekke næringslivets sine behov. 

Den digitale utviklinga gir grunnlag for store endringar i samfunnet. Leiarar vert utfordra til å motivere sine tilsette for å delta aktivt og positivt i endringsprosessar som vert sette i gang. Vi ser at dette kan vere krevjande. Mange tilsette er nøgde med dagens løysing og oppgåver som vert gjort på ein trygg og kjend måte, og hittil med gode resultat. Ingen likar å endre seg berre fordi nokon seier at vi bør gjere det.

– Dersom det blir sett fokus på at verksemda skal utvikle seg, er det viktige å jobbe mot eit mål som er synleg og forstått av alle tilsette. Å sette mål gir meining – då flytter vi fokus frå endring til utvikling både av verksemda og kvar enkelt tilsett. Dette har vist seg å være ein god arbeidsmåte for oss og mange av klientane i vårt rekneskapsbyrå, seier dagleg leiar Arnljot Ramstad i Adcom Førde.

– Som Certified Partner av Visma har vi levert løysingar innan ERP og Lønn/HR til fleire av dei største i byråbransjen i Sogn og Fjordane. Såleis har mange av dei mindre verksemdene i vårt fylke fått tilgang til nye løysingar basert på Visma si utnytting av ny teknologi og automatisering. Viktig basis for nye løysingar til kundane av byråa er tilgang til Internett og mobile løysingar der kundane kan gjere deler av jobben sjølv. Døme på løysingar som er blitt svært populære:

 

Reiserekningar

Kundane sine tilsette fører sjølv sine reiserekningar og utlegg via Internett og mobil. Visma Expense gjer dette til ein leik – gløym papirbilag og bunkar med reiser som må takast i ettertid. Grunnlaget lagar ein undervegs ved t.d. å ta bilete av utlegga med mobilen. Når du kjem heim, hentar du inn dokumentasjon og sender reiserekninga elektronisk til lønnsansvarleg – trygg på at du har fylt ut reiserekning i henhold til gjeldande lovverk.

 

Elektronisk fakturering og arbeidsflyt

Mange byråkundar ynskjer å fakturere sjølv. Dette kan gjerast i alle løysingar som i dag vert levert basert på Visma. Med Webfaktura får kunden tilgang til eit fakturasystem i skya som er tett integrert med økonomiløysinga til rekneskapsbyrået. Kunden lagar faktura og sender sjølv, deretter blir fakturajournal automatisk overført til byrået si løysing.

 

Elektronisk bilagshandtering/godkjenning

Alle bilag kjem til rekneskapet gjennom Visma Autoinvoice (elektronisk postkontor). Dokument blir sendt på flyt for godkjenning ute i «skya». Den som skal godkjenne loggar seg på ei nettside og får opp bilde av bilaget. Så kan han kontere, føre på kostnadsbærar, tekst etc. Når han godkjenner, returnerer bilaget tibake til byrået for oppdatering i rekneskapet. Forfallsdato, KID og all anna nødvendig informasjon gir vidare grunnlag for automatisert betalingsteneste.

Dette er enkle eksempel på løysingar som mange nyttar og har store gevinstar av å ta i bruk. Med fokus på automatisering, effektivisering og ei arbeidsdeling som er tilpassa kunden, vil oppdraget ofte verte enklare å skissere. Dette kan gi grunnlag for fastpris til kunde, noko som vil gi kunden ei forutsigbar og rimelegare løysing enn i dag. Vi som rekneskapsbyrå og brukar av Visma sine byrå-løsyingar står framfor ein forretningsmodell som vil utvide tenestetilbodet vesentleg. Dette betyr nye og spanande tenester for å støtte våre kundar og deira aktivitetar.

Eksempel på nye tenester kan vere:

 

Rådgjeving og prestasjonsleiing

Rekneskapsførar sit med unik kunnskap om den enkelte kunde, og vil kunne vere ein viktig rådgjevar for leiinga innan analyse, budsjett og marknadsvurderingar. Til dømes kan ein bidra ved å benchmarke kunden sin posisjon i marknaden, og gje strategiske råd for auka lønsemd.

 

Rådgjeving på strategiske IT- og sikkerheitsspørsmål

Adcom sine byråkundar har rekneskapsførar med gode samarbeidspartnarar innan IT og sikkerheit. Såleis ser vi at det vert naturleg å nytte rekneskapførar også innan strategisk IT-rådgjeving. Ofte stiller nye IT-løysingar krav til gjennomføring og prosjektoppfølging for å synleggjere resultat ift forventa gevinstar.

 

Rapportering i «No-tid» for styring av verksemder

Med ny teknologi kan vi tilby våre byråkundar rapportering i skya. Dei kan logge seg på og hente ut aktuelle rapportar når dei har behov for det. Rekneskapsførar stiller i tillegg opp på regelmessige møter med rådgjeving som har høg verdi. Slik rådgjeving resulterer i tiltak og handlingsplaner som sikrar målretta utvikling med riktig fokus. Vi vil sjå ei framtid der rekneskapsbyråa vil tilby eit breitt spekter av nye tenester. I den samanheng er Adcom og Visma i felleskap ein strategisk rett samarbeidspartnar som vil sikre tilgang på spesialkompetanse, og hjelpe våre byråkundar med å lukkast i ei verd som er kompleks og raskt skiftande.

TEKST / Magn Hegle Brattelit
FOTO / Ingimage & Rein Design AS

La oss ta en prat om hvordan du kan spare tid

Stein Andre er it-konsulent i Molde og har jobbet med Microsoft i 10 år. Han er en kløpper i Office 365 sine løsninger, og har alltid et smil på lur.

Relaterte innlegg

Vi tar pulsen på din IT-helse

Vi tar pulsen på din IT-helse

En dårlig IT-helse kan i verste fall gjøre det umulig for deg og dine kollegaer å jobbe. Når tok du sist pulsen på arbeidsdagen din? Vi går hardt ut, og sier at IT-helsa på jobb er like viktig som din egen helse. Vi kartlegger din IT-helse og gir deg verdifulle råd til hvordan du kan senke pulsen i din bedrift.

les mer
Innspilling av webinaret om sikkerhetspolicy

Innspilling av webinaret om sikkerhetspolicy

En sikkerhetspolicy er bedriftens kjøreregler i all databehandling, om hvor data lagres, backuprutiner, hvordan man håndterer sikkerhetsbrist, passordregler, etc. Vi gir dere veiledning på hvordan man lager en skuddsikker sikkerhetspolicy for deres bedrift.

les mer
Innspilling av webinaret om backup

Innspilling av webinaret om backup

Hvilke kilder er det til datatap, og hvordan tar man høyde for det? Den beste måten å sikre seg mot datatap og driftsstans er god backupløsninger. Vi tar dere gjennom både lokal- og skybackup, og stiller noen viktige spørsmål til hvor data bør lagres og hvordan den bør sikkerhetskopieres.

les mer
Share This